lørdag 31. oktober 2009

HURRA! Nye bøker i posten!

I dag kom pakkelappen, og vi susa avgarde og henta bøkene vi hadde bestilt på gyldendal.no. Nye bøker er noko heilt spesielt! "Eg vil sjå i boka mi!" ropa dei alle saman. 2.klassingen er straks ferdig med matteboka "Multi 2b", og er klar for "Multi 3a" og oppgåveboka til "Multi 3". 1.klassingen er straks ferdig med "Tusen Millionar 1b", og gler seg til å byrja med "Multi 2a" og oppgåvebok 2. 4åringen var også hoppande glad då ho fekk vite at ho skal få mattebok! Vi valde "Multi 1" til henne. Dessutan er det ho som skal byrje med bokstavane i "SAFARI" sin ABC trykkskrift; same boka som 1.klassingen er godt i gang med. Kjekt at bøker skaper jubel i heimen!!! ;)

onsdag 28. oktober 2009

Historie

2. klassingen si bok. Historie - om Keltarane. Etter tavleundervisning, er det "klipp og lim" - det liker han godt!
Dagens "historie-tavle" :)


1. klassingen


(Snart) 5-åringen...



Store- og lillesøster i eit fellesprosjekt som dei sjølve fann på. Enno meir klipp og lim ;)

tirsdag 27. oktober 2009

sjølvstudie av solsystemet v. 2.klassingen


Kjekt når barna tar over og av eige initiativ underviser oss litt... :)

Vindmøller! (samfunnsfag/naturfag - eksperiment)

Vindmøller... i friske fargar. Litt hjelp for å få alt til å stemme, men utruleg artig å leike med etterpå...
Her er "oppskrifta" ;)

Full fart for å få vindmølla til å gå rundt!!! Opp og ned bakken! Så vart dette ein kombinert naturfag-og kroppsøvingstime ;)


Litt tyngre opp bakken ;)




"Grøn er ynglingsfargen min no, ikkje gul lenger. For berre sola er gul."



Ein vakker bukett...

mandag 26. oktober 2009

Artig tverrfagleg nettside frå Gyldendal


SALABY - klikk og sjå.

lørdag 24. oktober 2009

maske

Det siste store er å klippe i papir. Snøkrystaller, figurer, og nå maske. Legg merke til den flotte "festeanordningen" - nemleg nasa! :D

fredag 23. oktober 2009

Oktober = haust(bilde)


Haust blir automatisk emne når det er gult, raudt og orange så langt auget rekk... Barna fann sjølve på at dei ville samle blad i hagen, og lage haustbilder.

Her er 6-åringen sitt bilde. Legg merke til blada som fell frå treet, og alle som har landa på bakken... :)
Sidan faget var "naturfag" meinte søskenflokken klart at undulaten måtte komme ut av buret sitt. Buret har stått på klasserommet denne veka, fordi vi hadde gjester på gjesterommet der han stod før, på grunn av at kjøkken og stue er under oppussing!!! :D

Han er så tam og folkekjær at det er nesten for morsomt. Men da han byrja å flyge rundt i rommet, flaksa alle blada som barna hadde samla saman utover golvet. :D

søndag 18. oktober 2009

Hesteriding og gardsbesøk

I går tok nokre venner oss med på ein besøksgard her i området. Jentene fekk ri, og det var stor stas! Det er noko dei har lyst å gjere så lenge eg kan hugse, men det har ikkje blitt før no. Det var berre store hestar ledige då dei tre vennindene skulle ri, mine to eldste, og ei venninnne. Men dei var flinke, og såg ut til å kose seg! Eldstejenta mi har sett gjennom bilda vi tok på turen utallege gongar etter turen, og snakkar om neste tur med stor forventning... :)


På hesterygg for første gong...
Ho har gjort det før... :)
"Vi skal ri over eng og hei..."
Facinerande å sjå på dei som hadde ridetime
Sauer er ålreite dyr... og dei syntest at graset på andre sida av gjerdet var grønare...

torsdag 1. oktober 2009

forts. prosjekt pappmasje og litt meir...

For den som har følgt oss, så veit de at vi har laga masker av pappasje (sjå eit par innlegg lenger ned...) No har dei tørka i ei veke, så eit par av dei fekk første omgang med akrylmaling i dag! Men ei av maskene viste seg å ha hull, så den måtte lappes og tørkes litt lenger, så da vart det bilde på ark i staden for.
Den yngste og den eldste i samarbeid om eit maleri... :)


Denne maska vart visst raud, ho...

Denne maska byrja som grøn, men vart nokså svart etterkvart. Det var nemleg så gøy å sprute maling utav boksane, og da vart det plutselig mykje svart når mamma stod med ryggen til... :)


Eg leita både her og der etter akrylmaling, men endte opp med desse frå Europris. 500 ml til kr 39,99... men den kvite var mindre og dyrere (!) Med raud, gul og blå, svart og kvit, har vi alle fargane om vi blandar rett, så lærer vi litt om det også ;)

onsdag 30. september 2009

Historie


I år har vi introdusert eit nytt fag, HISTORIE. Vi har byrja med byrjinga for å seie det på nynorsk... :P Boka vi bruker i hovudsak, er den som er avbilda over: "Verdenshistorie" frå Barnas kunnskapsbibliotek. Den tek oppsummerer dei viktigaste hendingane i historia på ei dobbelside, og vi har satt oss som mål å gå gjennom ei dobbelside i veka. Så langt har vi hatt om:
  • Dei første bøndene (busetningar ved Eufrat og Tigris)
  • Mesopotamia og Sumer
  • Det gamle Egypt
  • Det gamle Kina
  • Babylonarane
  • og denne veka ser vi på Det gamle Hellas.

Denne gjennomgangen er tenkt å gi meirsmak for djupare studier seinare :) Men det er svært lærerikt! Vi finn i tillegg til boka informasjon på nettet. Som no når vi skal studere Hellas, bruker vi DENNE ARTIKKELEN FRÅ GLOBALSKOLEN. Ein annan ressurs som kan vere fin, er You Tube. Her kan ein finne litt av kvart, vi søkjer berre på tema. Som regel er informasjonen på Engelsk...

.

Så har ei vennine med lik interesse som oss, tipsa oss om ei bok og ei nettside; klikk på bildet for å komme til sida:

Denne bloggen er interessant for meir enn historie, her kan ein, om ein kikar litt rundt, også finne heimeundervisarar sin ærlege beretning om ein dag med heimeskule, og mykje anna rart. Alt er sjølvsagt på Engelsk.

torsdag 24. september 2009

Kunst og Handtverk: Pappmasje!!! :D

Eg søkte litt rundt på nettet etter sider med tips og oppskrifter til pappmasje, og fant DENNE SIDA PÅ ENGELSK.

Så med friskt mot sette vi i gang i Kunst og Handtverk-timen i dag. Det stod anbefalt alder frå 6 år og oppover, men vi var 6 barn, (og heldigvis 2 vaksne) i alderen 2 - 7, der 4 var under 6 år...

Det var mykje rot, og mykje gøy! Så no er vi spente på korleis dei tørkar, og dei er tjukke nok, og om det kan bli fine masker eller kva det kan bli.... Det tar visst nokre dagar å tørke... Og så får vi sjå om vi våger oss på eit liknande prosjekt igjen... Det var heldigvis lett å tørke opp og vaske vekk...

Forsterkningar i dag, og det trengtest til dette prosjektet!!! :D

fredag 4. september 2009

Skole - NRK

No er den her, nettstaden til NRK som er eit fantastisk verktøy for alle elvevar! Emna er linka opp mot læreplanen, og er inndelt etter EMNER, PERSONER, PROGRAMMER og LÆREPLAN. Sjølv om du ikkje ser etter noko spesielt, vil eg anbefale å ta ein kikk og bli kjend med sida. Vi gler oss til å bruke den aktivt i skulesamanheng!!! :D