Då eldstemann vart fødd, såg eg så klart eit bilde for meg; at han var heilt ”blank” og kunne eller visste ingenting. Dette var både skræmande og utfordrande, og heit frå fyrste dagen var vi bevisst på å gi han kunnskap. Det byrja med song og høgtlesing. Av og til las eg høgt når eg las for meg sjølv òg. Eg nytte sjølvsagt tida med han som baby, men samstundes lengta eg fram imot den dagen eg kunne byrje å peike på ting ute og inne og sei: ”Sjå, her er ein bil! Sjå, dette er ein istapp. Ser du vatnet som renn under isen? Sjå flyet der oppe i lufta!”
Vi hadde mykje moro med han då han vart eldre. Alle turar vart ”skuletimar” om ein skal bruke slike omgrep. Han lærte om ender då vi gjekk til andedammen. ”Sjå, der er ei stokkand. Du ser det på den kvite ringen om halsen og det grøne hovudet at det er ein hann. Der er hoa. Ho er brun.” Gjekk vi langs gatene, nemnde vi alle bilmerka ettersom vi passerte dei. Små og store ting peika vi ut og studerte på. Heime hadde vi eit leiketeppe med alfabetet på. Det brukte vi til å hoppe på, og seie bokstavane vi landa på. Og så snakka vi om ”kven sin bokstav” det var, og kva lyd bokstaven hadde.
Så snart han var stor nok til å halda ein penn i neven – noko eg nesten ikkje kunne venta på! – så byrja vi så smått med å skrive bokstavar. Litt og litt, smått i senn i byrjinga. Samstundes var det mykje høgtlesing, musikk CDar, song og leik.
Andre ting vi hadde moro med, var baking. Vi snakka om kor mykje ein liter var, kor mykje ein kilo var. Julebakst, bollar og brød. Enkelte dagar tok vi ein del av baksten og besøkte naboen, ei einsleg dame i 80 åra. Dei utvikla eit herleg venskap som vara så lenge vi budde der og enno litt lenger.
Far og son hadde òg mykje tid saman når far hadde fri. Det var mange turar til fots og på sykkel. På landevegen og i fjellet. Alle emna dei tok for seg, har eg ikkje oversikt over, men grunntanken var stadig læring. Om tog, høgdemeter over havet, temperatur, elvefiske, mattematikk og politikk, og sikkert mykje anna.
Etter kvart kom søsken, og læringa heldt fram på fleire og nye måtar. Sjølvlaga oppgåver og ulike hobbybøker vart etter kvart tekne i bruk. Bokstavar og tal. Då han var ca 5 år gamal, kjøpte vi skulebøker til han, for vi syntest han var moden for det. Dessutan vurderte vi heimeskule, og ville prøve det ut i praksis. Ein til to timar kvar formiddag var målet. Nokre dagar meir, andre dagar vart det mindre. Nokre dagar var det meir ”hobby” enn ”skule”, også av omsyn til dei yngre søskena. Men vi fekk smaken på det, og såg at dette er noko vi kan trivast med.
No har vi altså snart tre år med offisiell heimeskule bak oss, og tre elevar i skulepliktig alder. Å drive heimeskule har både sine fordelar og sine utfordringar. Vi set pris på roen elevane har, kortare dagar, fagleg fokus, individuelt tilpassa opplæring i praksis, fleksibilitet og fråver av mange forstyrrande element. Vi føler at elevane får med seg ein ballast og ein tryggleik til vegen videre. Samstundes ser vi det som viktig å "kjøpe den laglege tid", å sjå når tida er inne for endringar. Til dømes har eldstemann hatt ettermiddagsplass på ein lokal SFO i eit par år for å få vere med kameratar. For ei av utfordringane med dette opplegget er nettopp at "alle andre" er i det offentlege skulesystemet. Det å gjere noko anna enn det "alle andre" gjer, krev nok litt meir planlegging og tilrettelegging av sosiale aktivitetar, men mykje fell også på plass av seg sjølv i eit aktivt nabolag og med vener, familie, slekt og så bortetter.
1 kommentarer:
Erna, kunne tenkt meg å diskutere "homeschooling" med deg ;), når en leser amerikanske blogger så priser de jo bare fordelene og en leser ingenting om ulempene... Har jo våre inpå tanken å begynne selv, men nå skal eldstemannen begynne i sjuende til høsten... og så e ikkje norsk min morsmål og andre ting som har stoppet meg til nå. Men likavel om de går på offentlig skule så er det jo utrulig møkje læring som skjer hjemme sjo oss (tysk, bibelkunnskap, historie, mat og helse,...) Så eg e spent kos det blir sjo dokke :)
Legg inn en kommentar