fredag 21. januar 2011

Sjøfartsmuseet

Vi har besøkt sjøfartsmuseet i Bergen. Kva syns du om desse staute sjø-ulkane?

Kart over båt-funn.

Skikkelig gamal båt, laga av ein tømmerstokk.

Herre va gamme't!

Teak-båt.

Ingen skatt i denne kista. Kva er i den andre, då tru? Det hadde vore kjekt å finne ein skatt!!

Korleis klarar dei dette???

Her er ein gamal kikert. Den fekk ein modig sjømann frå kongen fordi han berga 8 mann som hadde hamna i sjøen.

Båtbyggeri!!

Tunge tak for båt-bygjarar... Vi skal prøve å løfte denne ved hjelp av taljer...

Argh! Dette var TUNGT!!!

Gamal dykkerhjelm. Ein slik såg vi på filmen "Olsenbanden Jr. går under vann"

Det var mykje dei måtte frakte på båt før i tida.

Hurtigruta var skikkelig stilig!

Så flott salong på den gamle hurtigruta! (Men skinn-seta var svarte, bildet lyg litt her...)

SKIP OHOY!!!

Land i sikte!!!!!!!!!!!!
Sjøfartsmuseet er ganske stilig, igrunn.

0 kommentarer: